Søk

 

Styrk bemanninga på NAV

Styrk bemanninga på NAV-kontora

 

Av Ann-Kristin Nygård, avdelingsleiar i FO Sogn og Fjordane

 

Drapet på en NAV-tilsett i Oslo har ført til at mange som jobbar i NAV nå frykter for å gå på arbeid. ”Det kunne like gjerne ha skjedd oss…”. Fellesorganisasjonen (FO) har lenge etterlyst konkrete tiltak som kan styrke sikkerheten for tilsette på NAV-kontora. Vil fylket sine stortingskandidatar slutte seg til FO sitt forslag?

 

Konkret foreslår FO: Ein forskrift til Arbeidsmiljøloven om vold og truslar om vold, samt eit forbod mot åleinearbeid der risikoen vurderast som stor. Sist, men ikkje minst; at vold og truslar om vold definerast som yrkesrelatert skade når det kjem til sjukdom og uførhet.

 

Tall truslar og vold mot NAV-tilsette er tredobla frå 2010 til 2012. Fram til juni i år var det registrert 598 tilfelle.

 

NAV tar imot tusenvis av menneske i sårbare livssituasjonar. Det kan vere folk som trenger pengar, rus- eller psykiatrisk behandling, manglar jobb og/eller manglar bustad. Fleire NAV-brukarar er desperate etter hjelp.

 

NAV-tilsette kjem hyppig i ein vanskeleg dobbeltrolle. På den eine sida skal dei hjelpe og yte bistand. På den andre sida krevjast det ofte at dei skal sette grenser og avslå ytingar. Denne dobbelrollen er uhyre vanskeleg.

 

Storsamfunnet tenker neppe over det, men ein av mange effektar av samhandlingsreforma er at tyngre brukarar nå er sendt nedover i behandlingskjeda. Derfor møter NAV-tilsette i dag mange fleire som sliter med rusproblemmar eller psykisk sjukdom, eller ein kombinasjon av dette. Andre yrkesgrupper som må forholda seg til psykisk sjuke og ustabile brukarar opptrer ofte to og to. For eksempel gjelder dette politiet. Når tyngre brukarar møter eit behandlingsapparat som ikkje er dimensjonert for dei utfordringane desse brukarane representerer, må effektive tiltak i verksettast raskt. FO og våre medlemmer har ikkje tid til å vente på ein eller fleire utredningar. Faktagrunnlaget har vi og kvar dag møter NAV-tilsette nye brukarar med samansette problemmar.

 

Er fylket sine stortingskandidatar rede til å støtte FOs krav om å utarbeide ein forskrift til Arbeidsmiljøloven om vold og truslar om vold? Kan dere samlas om eit forbod mot åleinearbeid der risikoen vurderas som stor? Kan dere støtte at vold, og truslar om vold, defineras som yrkesrelatert skade når det kjem til sjukdom og uførhet? Svara vil interessere fleire enn FO sine medlemmar. 

Fellesorganisasjonen (FO), Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg, 0506 OSLO

kontor@fo.no | Tlf.: 91 91 99 16

Gå til nettversjonen