Søk

 

Regjeringa sin politiske plattform gjev rusmiddelfeltet fleire moglegheiter.

 

RS-sak 16/13 Uttale frå Representantskapet

Regjeringa sin politiske plattform gir rusmiddelfeltet fleire moglegheiter

FO meiner at den nye regjeringa av Høgre og Fremskrittspartiet har lagt fram ein politisk plattform som gir grunnlag for å tro at det blir ein større satsing på rusmiddelfeltet framover. Både plattforma og regjeringspartnarane har gitt klar beskjed om at rusmiddelfeltet skal vere gjenstand for rask satsing eller som dei sjølv sa ” i løpet av dei første 100 dagane”.  Det forpliktar. FO vil følgje nøye med på opptrappingsplanen for å sjå til at dei forskjellige tiltaka følgjast opp.

FO vil trekke fram fleire områder i plattforma som vi er særleg positive til. Regjeringa vil etablere ein opptrappingsplan for rusmiddelfeltet som vil sikre ein årleg vekst og den vil styrke det sosiale og helsemessige rehabiliteringstilbodet.  FO meiner at sosialfaglege perspektiv i rusmiddelomsorga må styrkes og kome opp på lik linje med det helsefaglege fokuset.  I så måte er dei føreslåtte tiltaka i tråd med FO sin politikk. FO forventar at den nye regjeringa følgjer opp Stoltenberg- regjeringa sitt forslag om 200 nye behandlingsplassar innanfor tverrfagleg spesialisert behandling (TSB). FO er også opptatt av at oppbygging av polikliniske tilbod ikkje må gå på bekostning av døgnbehandling.

Den nye regjeringa foreslår i sitt budsjett ei øyremerking av 343 millionar til kommunale tiltak innan rus og psykisk helse. Dette er imidlertid ikkje «friske pengar», men pengar som fjernast frå kommunen sitt rammetilskot. FO synast det er bra at det øyremerkast midlar til rusmiddelførebyggjande arbeid i kommunal regi, men er samtidig redd det kan gå på bekostning av det generelle førebyggjande arbeid.

Døgnbehandling, poliklinisk behandling, ettervern og kommunale velferdstenester henger saman og må sjåast i ein heilskap. Vegen inn i eit liv med rusmiddelavhengighet henger saman med fleire sosioøkonomiske faktorar som krev innsats på mange områder. Kva slags politikk den nye regjeringa vil føre på andre områder innanfor helse og velferdstenestane vil vere av stor betyding for både rekruttering inn i rusmiddelmiljø og for ein vellykka rehabilitering av menneske med rusmiddelrelaterte lidingar. Dette handlar blant anna om barne- og ungdomspolitikk, bustadpolitikk og kommunalpolitikk. FO vil følgje nøye all politikk på helse-, sosial - og velferdsområda.

 

Representantskapet

FO Sogn og Fjordane

Fellesorganisasjonen (FO), Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg, 0506 OSLO

kontor@fo.no | Tlf.: 91 91 99 16

Gå til nettversjonen