Søk

 

Kva vil stortingskandidatane med barnevernet?

Kva vil stortingskandidatane med barnevernet?

 

Av Ann-Kristin Nygård, avdelingsleiar i FO Sogn og Fjordane

 

Fellesorganisasjonen (FO) er opptatt av gode oppvekstvilkår for barn og unge. Dessutan av like muligheiter for alle barn, uavhengig av varierande kommuneøkonomi. Kva er stortingskandidatane i vårt fylkes viktigaste innsatsområder overfor utsette familiar og barn? Er dere villige til å gjere barnevernslova om til ei rettigheitslov ?

 

Ein kombinert proposisjon og stortingsmelding om barnevernet ble lagt frem i vår. FO konstaterer at den bygger på eit solid kunnskapsgrunnlag, noko som også vises i tiltaks- og lovforslag.

 

Men, påviste svakheiter i barnevernstenesta er avdekka i tidlegare i år. Blant anna gjennom oppsummeringa av Helsetilsynet sine planlagde tilsyn ved 99 av landets rundt 300 kommunale barnevernstenester i 2011-12. Det ble funnet avvik i 87 av 99 barnevernstenester. Svært mange kommunar har manglar i oppfølging og styring av barnevernstenesta. I fjorårets rapport heiter det ”Svikt i styring og leiing aukar sannsynlegheita for at det blir tilfeldig og avhengig av den enkelte tilsette sin kompetanse og prioriteringar om praksis er i tråd med regelverket eller ikkje.”

 

Behovet for høy kompetanse, nærmast mulig dei det gjelder, skjerpes gjennom det innførte forsvarlegheitskrava i barnevernsloven. FO synes derfor det er av stor betyding at det i barnevernsmeldinga leggast vekt på å framheve ny barnevernsfagleg kunnskap, samtidig som det konstaterast at tilsette og leiarar i barnevernet må tilbydast kompetanseheving. Kvalitet handlar om at barnevernsarbeidarane får brukt sin kompetanse. Rammevilkår som gode rettleiings- og kompetansesystem, dyktig leiing, samt arbeidsforhold er sentralt. Gode arbeidsforhold betyr gode fagmiljø og nok kapasitet for den enkelte saksbehandlar. FO anbefaler derfor ein lovfesting av minimum fem fagstillingar i kommunal barnevernsteneste, samt å innføre ein rettleiande kompetansenorm på 10 til 15 saker per saksbehandlar.

 

Innføring av eit forsvarlegheitskrav i barnevernsloven er også svært viktig for å styrke barns rettigheter, men regjeringa går ikkje langt nok. FO meiner at barnekonvensjonen må være ei rettesnor i alt arbeidet barnevernet gjer. Barnekonvensjonen er inkorporert i norsk lov, men må i større grad synleggjerast i barnevernslova. Barnevernslova må derfor vedtakast som en rettigheitslov for barn og unge. Det må slås fast at barn og unge har rett til hjelp dersom foreldra ikkje gir dei den omsorga dei har behov for.

 

FO representerer mange av dei tilsette i barnevernet. Vi veit at manglande ressursar over svært lang tid er den største utfordringa for kommunal barnevernsteneste. Ressursstyrkinga er ikkje i mål. Øyremerking av midlar til stillingar i kommunalt barnevern er viktig og må fortsette, uansett kven som sitter i regjering. Tar fylkets stortingskandidatar utfordringa?

Fellesorganisasjonen (FO), Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg, 0506 OSLO

kontor@fo.no | Tlf.: 91 91 99 16

Gå til nettversjonen