Søk

 

Gode arbeidsforhold og kvalitet i barnevernstenestene henger ofte saman!

Fellesorganisasjonen (FO) i Sogn og Fjordane er bekymra for barnevernstenesta  i fylket på bakgrunn av det som kjem fram i media, tilsynsrapportar frå Arbeidstilsynet og Fylkesmannen den siste tida.

Vi høyrer at kvardagen til mange av dei tilsette i det kommunale barnevernet opplevast som stressande og at dei stadig går med dårleg samvit for oppgåver dei ikkje rekk over. Barnevernstenestene opplever auka saksmengde, alvorlegare og meir komplekse saker, samt at ein er åleine i vanskelege saker. FO meiner at det ikkje er den enkelte saksbehandlar i barnevernet som skal slite med dårleg samvit, men at dette er ei organiseringssak for leiinga i den enkelte kommune. Det kjem fram i artikkelen i Sogn avis i dag, at kommuneleiinga har kjent til at Sogn barnevern har slitt med dårleg psykososialt arbeidsmiljø over tid. Prosessen for å betre arbeidsmiljøet starta allereie i april 2012. Når vi no er komne til februar 2014, kan ein spørje seg kvifor det ikkje har ført til noko tiltak som har betra situasjonen ? Dårleg arbeidsmiljø over tid vil vere helseskadeleg uansett kor ein jobbar og det vil på sikt gå ut over dei tenestane ein skal yte for kommunen sine innbyggjarar. FO meiner det er særs alvorleg når det gjeld barnevernstenesta på grunn av at dei skal yte tenester til ei sårbar gruppe.

Tilsette med 3. årig sosialfagleg utdanning har kompetanse til å yte bistand til sårbare barn og unge, men dei må få høve til å bruke den. Det må vere gode rammetilhøve som rettleiing og høve til fagleg utvikling i  jobben, god leiing som har kompetanse på barnevernsfeltet, samt gode arbeidsforhold. Gode arbeidsforhold betyr gode fagmiljø og nok kapasitet for den enkelte saksbehandlar til å gjere sin jobb som er å gje rett hjelp til rett tid til utsette barn og unge og deira familiar. FO har difor anbefalt ein rettleiande norm på 10 – 15 saker pr. saksbehandlar i den kommunale barnevernstenesta. Dette på grunn av at FO vil ha eit barnevern som har nok ressursar til å ivareta sitt samfunnsmandat på ein god måte, og som sikrar alle barn trygge og gode oppvekstvilkår.

FO ser at fleire og fleire kommunar samarbeider om ei interkommunal barnevernsteneste, noko som FO ser positivt på så lenge ein ikkje tenkjer at dette skal vere eit innsparingstiltak. Barnevernstilsette sitt faglege og etiske ståstad vert ofte utfordra av økonomi og kapasitetsutfordringar. Interkommunalt samarbeid vil bidra til større og meir robuste fagmiljø, men kommunane må og ta i betraktning auka reisetid og saksmengde som vil påverke kapasiteten til tenesta.

FO syner til fylkesmannen sin tilsynsrapport i 2013 som synte at kommuneleiing ofte er forsiktig med å blande seg inn i arbeidet til barnevernstenesta og vi oppfordrar politikkarar og kommuneleiing om å fatte endå større interesse for det kommunale barnevernet. Dei bør ha kjennskap til lovverket og korleis dette vert forvalta i sin kommune, samt kva som må til for å få ei god teneste.Konsekvensane av at barn, unge og familiar ikkje får den hjelpa dei treng, er som oftast ein forverra situasjon for alle involverte partar, større alvorsgrad i sakene, og behov for meir omfattande tiltak på sikt. Det må ikkje bli slik at det blir lettare å gløyme dei barna som treng mykje frå dei er små, enn å satse på dei! For å få til dette må ein ha gode kommunale tenester for barn og unge. Dei tilsette i det kommunale barnevernet ynskjer å gjere ein god jobb, men dei er avhengig av gode arbeidsforhold.

Fellesorganisasjonen (FO), Mariboesgate 13
Pb 4693 Sofienberg, 0506 OSLO

kontor@fo.no | Tlf.: 91 91 99 16

Gå til nettversjonen